22 Gud la det gå meg ille både no og sidan om eg lèt ein einaste av mennene hans leva til det dagast i morgon.»
23 Med det same Abigajil fekk auga på David, sprang ho ned av eselet og bøygde seg til jorda for han.
24 Så kasta ho seg ned for føtene hans og sa: «Det er eg som har skulda, herre, berre eg. Men gjer vel og lat tenestkvinna di få tala til deg, og høyr på det eg har å seia.
25 Bry deg ikkje om denne vrange Nabal, herre! For som han heiter, så er han. «Dåre» heiter han, og full av dårskap er han. Eg, tenestkvinna di, har ikkje eingong sett dei mennene som du sende, herre.
26 Men så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever, herre, no har Herren hindra deg i å føra blodskuld over deg og ta deg til rettes. Fiendane dine, som vil skada deg, herre, skal verta som Nabal.
27 Ta imot denne gåva som tenestkvinna di har hatt med til deg, herre, og gjev henne til dei mennene som er med deg på ferdene dine.
28 Tilgjev tenestkvinna di at ho er så djerv. Herren skal sanneleg halda ætta di oppe. For det er Herrens krigar du fører, herre, og det skal ikkje henda deg noko vondt så lenge du lever.