24 Så kasta ho seg ned for føtene hans og sa: «Det er eg som har skulda, herre, berre eg. Men gjer vel og lat tenestkvinna di få tala til deg, og høyr på det eg har å seia.
25 Bry deg ikkje om denne vrange Nabal, herre! For som han heiter, så er han. «Dåre» heiter han, og full av dårskap er han. Eg, tenestkvinna di, har ikkje eingong sett dei mennene som du sende, herre.
26 Men så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever, herre, no har Herren hindra deg i å føra blodskuld over deg og ta deg til rettes. Fiendane dine, som vil skada deg, herre, skal verta som Nabal.
27 Ta imot denne gåva som tenestkvinna di har hatt med til deg, herre, og gjev henne til dei mennene som er med deg på ferdene dine.
28 Tilgjev tenestkvinna di at ho er så djerv. Herren skal sanneleg halda ætta di oppe. For det er Herrens krigar du fører, herre, og det skal ikkje henda deg noko vondt så lenge du lever.
29 Dersom nokon står fram og forfylgjer deg og vil ta livet av deg, skal Herren din Gud ta livet ditt i si varetekt, herre. Men livet åt fiendane dine skal han slengja bort som steinar or slyngja.
30 Når då Herren gjer som han har sagt, og lèt deg få alt det gode han har lova deg, herre, og set deg til fyrste over Israel,