38 Om lag ti dagar etter slo Herren Nabal, og han døydde.
39 Då David fekk høyra at Nabal var borte, sa han: «Lova vere Herren! Han har teke hemn over Nabal for den vanæra han førte over meg, og han har halde tenaren sin frå å gjera noko vondt. Herren har late Nabals vondskap koma over hans eige hovud.»Så sende David bod og fridde til Abigajil; han ville ha henne til kone.
40 Tenarane åt David kom til Abigajil i Karmel og bar fram ærendet sitt for henne og sa: «David har sendt oss til deg, for han vil ha deg til kone.»
41 Då reiste ho seg, bøygde seg med andletet mot jorda og sa: «Sjå, her er tenestkvinna di, den tenestkvinna som skal vaska føtene åt tenarane dine, herre.»
42 Abigajil ferda seg til snøggast ho vann. Ho sette seg på eselet, og fem tenestjenter var med henne. Så fylgde ho sendemennene til David og vart kona hans.
43 David hadde òg gift seg med Akinoam frå Jisre’el; begge vart dei konene hans.
44 Men Saul hadde teke Mikal, dotter si, som var gift med David, og gjeve henne til Palti, son til Lajisj frå Gallim.