9 Kvinna svara: «Du veit då sjølv kva Saul har gjort, at han har rudt ut or landet alle som manar fram daudingar og spådomsånder? Kvifor set du snarer for meg? Kvifor vil du drepa meg?»
10 Då svor Saul henne ein eid ved Herren og sa: «Så sant Herren lever: Det skal ikkje koma skuld over deg for dette.»
11 Kvinna spurde: «Kven skal eg henta opp til deg?» Han svara: «Samuel.»
12 Men då kvinna såg Samuel, sette ho i eit høgt skrik og sa til Saul: «Kvifor har du narra meg? Du er Saul!»
13 Då sa kongen til henne: «Ver ikkje redd! Fortel meg heller kva du ser!» Kvinna svara: «Eg ser ei ånd som stig opp or jorda.»
14 «Korleis ser ho ut?» spurde Saul. Kvinna svara: «Det er ein gamal mann som stig opp, og han er kledd i ei kappe.» Då skjøna Saul at det var Samuel, og han kasta seg ned med andletet mot jorda.
15 Samuel sa til Saul: «Kvifor har du uroa meg og henta meg opp?» Saul svara: «Eg er i stor naud. Filistarane fører krig mot meg, og Gud har vendt seg frå meg og svarar meg ikkje meir, korkje gjennom profetar eller i draumar. Difor har eg kalla på deg, så du skal la meg få vita kva eg skal gjera.»