1 Filistarane samla alle hærane sine ved Afek, medan israelittane slo leir attmed kjelda utanfor Jisre’el.
2 Filistarfyrstane førte fram fylkingar på tusen og på hundre, og til sist kom David og mennene hans saman med Akisj.
3 Då sa filistarfyrstane: «Kva skal desse hebrearane her?» Akisj svara: «Dette er David, ein av mennene til Saul, Israels-kongen. Han har vore hjå meg i over eitt år, og eg har ikkje funne noko å lasta han for frå den dagen han gjekk over til meg, og til no.»
4 Men fyrstane vart arge på han og sa til han: «Send mannen bort! Lat han fara heim att til den staden du har gjeve han. Han skal ikkje vera med oss i krigen; for han kunne venda seg mot oss midt i slaget. Korleis kunne han lettare vinna att godviljen hjå herren sin enn om han kom med hovuda av mennene våre?
5 Dette er då den same David som kvinnene song om medan dei dansa:Saul felte fiendar i tusental,men David i titusental.»