4 Men fyrstane vart arge på han og sa til han: «Send mannen bort! Lat han fara heim att til den staden du har gjeve han. Han skal ikkje vera med oss i krigen; for han kunne venda seg mot oss midt i slaget. Korleis kunne han lettare vinna att godviljen hjå herren sin enn om han kom med hovuda av mennene våre?
5 Dette er då den same David som kvinnene song om medan dei dansa:Saul felte fiendar i tusental,men David i titusental.»
6 Då kalla Akisj David til seg og sa til han: «Så sant Herren lever: Du er ein ærleg mann. Og eg ville gjerne at du skulle gå ut og inn hjå meg i leiren; for eg har ikkje funne noko vondt hjå deg frå den dagen du kom til meg, og til no. Men fyrstane likar deg ikkje.
7 Så far no heim att i fred, så du ikkje gjer noko som filistarfyrstane mislikar.»
8 David svara: «Kva gale har eg gjort? Har du hatt noko å seia på tenaren din frå den dagen eg kom til deg og til no, sidan eg ikkje får vera med og strida mot fiendane dine, herre konge?»
9 Akisj sa: «Eg er viss på at du er like trufast som Guds engel. Men filistarfyrstane seier at dei ikkje vil ha deg med i krigen.
10 Stå tidleg opp i morgon, både du og dei mennene åt herren din som har fylgt deg hit. Gjer dykk ferdige og far av stad så snart det ljosnar.»