10 Så gjekk filistarane på, og israelittane tapte og rømde heim, kvar til sitt. Mannefallet var fælande stort; det fall tretti tusen fotfolk av Israels-hæren.
11 Guds paktkiste vart teken, og begge Eli-sønene, Hofni og Pinhas, miste livet.
12 Ein mann av Benjamins-ætta sprang av stad frå slagmarka og kom same dagen til Sjilo med sundrivne klede og mold på hovudet.
13 Då han kom, sat Eli på stolen sin attmed vegen og stirte bortetter; for han hadde slik hjartesut for Guds paktkiste. Då mannen kom inn i byen med meldinga, vart det eit jammerskrik over heile byen.
14 Eli høyrde skriket og spurde: «Kva er dette for ståk?» Mannen skunda seg bort til Eli og fortalde han det.
15 Eli var då 98 år gamal, og han var stiv i blikket; han kunne ikkje sjå.
16 Som no mannen sa: «Eg kjem frå slagmarka, eg rømde frå slaget i dag», spurde Eli: «Korleis har det gått, guten min?»