2 Filistarane fylka hæren sin mot israelittane, og striden breidde seg. Israel tapte for filistarane, og det fall om lag fire tusen mann i fylkinga på slagmarka.
3 Då folket kom attende til leiren, sa dei eldste i Israel: «Kvifor har Herren late filistarane vinna over oss i dag? Lat oss henta Herrens paktkiste i Sjilo, så han kan koma hit og vera mellom oss og berga oss frå fiendane våre.»
4 Så sende folket bod til Sjilo, og der henta dei paktkista åt Herren, Allhærs Gud, han som tronar over kjerubane. Dei to Eli-sønene, Hofni og Pinhas, var òg med; dei fylgde Guds paktkiste.
5 Då Herrens paktkiste kom til leiren, sette heile Israel i eit glederop så sterkt at jorda riste.
6 Filistarane høyrde ropet og sa: «Kva tyder dette høge glederopet i hebrearleiren?» Men då dei fekk vita at Herrens paktkiste var komen dit,
7 vart dei redde; for dei tenkte: «Gud er komen til leiren.» Og dei sa: «Ve oss! Slikt har aldri hendt før.
8 Ve oss! Kven skal berga oss frå denne veldige guden? Dette er då den same guden som sende allslags plager over egyptarane i øydemarka.