5 Då Herrens paktkiste kom til leiren, sette heile Israel i eit glederop så sterkt at jorda riste.
6 Filistarane høyrde ropet og sa: «Kva tyder dette høge glederopet i hebrearleiren?» Men då dei fekk vita at Herrens paktkiste var komen dit,
7 vart dei redde; for dei tenkte: «Gud er komen til leiren.» Og dei sa: «Ve oss! Slikt har aldri hendt før.
8 Ve oss! Kven skal berga oss frå denne veldige guden? Dette er då den same guden som sende allslags plager over egyptarane i øydemarka.
9 Men ta mot til dykk, filistarar, og ver menn, så de ikkje skal måtta træla for hebrearane, som dei har træla for dykk! Manna dykk opp og gå til strid!»
10 Så gjekk filistarane på, og israelittane tapte og rømde heim, kvar til sitt. Mannefallet var fælande stort; det fall tretti tusen fotfolk av Israels-hæren.
11 Guds paktkiste vart teken, og begge Eli-sønene, Hofni og Pinhas, miste livet.