1 Filistarane tok Guds paktkiste og førte henne frå Eben-Eser til Asjdod.
2 Der tok dei paktkista og bar henne inn i Dagons tempel og sette henne attmed Dagon.
3 Tidleg om morgonen dagen etter fekk folket i Asjdod sjå at Dagon låg med andletet mot jorda framfor Herrens paktkiste. Då reiste dei han opp og sette han på plass.
4 Morgonen etter kom dei att og fann Dagon liggjande med andletet mot jorda framfor Herrens paktkiste. Og hovudet og begge hendene hans låg avhogne attmed dørstokken. Berre kroppen var att av Dagon.
5 Det er grunnen til at Dagon-prestane og alle andre som går inn i Dagons tempel i Asjdod, ikkje set foten på dørstokken der; så har det vore til denne dag.
6 No låg Herrens hand tungt på folket i Asjdod. Han gjorde dei rådlause og redde og slo dei med svullar, både i Asjdod og i bygdene rundt ikring.