5 Det er grunnen til at Dagon-prestane og alle andre som går inn i Dagons tempel i Asjdod, ikkje set foten på dørstokken der; så har det vore til denne dag.
6 No låg Herrens hand tungt på folket i Asjdod. Han gjorde dei rådlause og redde og slo dei med svullar, både i Asjdod og i bygdene rundt ikring.
7 Då mennene i Asjdod såg korleis det gjekk, sa dei: «Vi vil ikkje ha paktkista åt Israels Gud hjå oss lenger. For tungt ligg handa hans både på oss og Dagon, guden vår.»
8 Så sende dei bod og stemnde til seg alle filistarfyrstane og spurde: «Kva skal vi gjera med paktkista åt Israels Gud?» Dei svara: «Flytt henne til Gat!» Så flytte dei paktkista til Gat.
9 Men då dei hadde flytt henne dit, råma Herrens hand byen og skapte redsle og rådløyse. Han slo folket i byen med sott, og det braut ut svullar både på små og store.
10 Så sende dei Guds paktkiste til Ekron. Men då ho kom dit, skreik Ekron-buane: «Dei har flytt paktkista åt Israels Gud hit for å drepa oss og folket vårt.»
11 Dei sende bod og stemnde saman alle filistarfyrstane og sa: «Send paktkista åt Israels Gud bort, og lat henne koma attende til den staden der ho høyrer heime! Elles kjem ho til å drepa oss og folket vårt.» For det var kome ei dødsredsle over heile byen. Herrens hand låg tungt på han.