1 Då Herrens paktkiste hadde vore i Filistarlandet i sju månader,
2 kalla filistarane saman prestane og spåmennene og spurde: «Kva skal vi gjera med Herrens paktkiste? Lat oss få vita korleis vi skal senda henne attende til den staden der ho høyrer heime!»
3 Dei svara: «Sender de paktkista åt Israels Gud frå dykk, må de ikkje senda snaue kista, men gje ei soningsgåve til vederlag. Då vert de friske og får vita kvifor handa hans ikkje vik frå dykk.»
4 Filistarane spurde: «Kva slag soningsgåve skal vi gje til vederlag?» Dei andre svara: «Fem svullar av gull og fem myser av gull, etter talet på filistarfyrstane. For det er ei og same plaga som har råka dykk alle, jamvel fyrstane.
5 De skal laga etterlikningar av svullane dykkar og av mysene som herjar landet, og gje Israels Gud ære. Så tek han kanskje den tunge handa si bort både frå dykk og guden og landet dykkar.