11 Han sa: «Desse rettane kjem han til å ha, den kongen som skal rå over dykk: Sønene dykkar tek han og set til å gjera teneste ved vognene og hestane sine, og dei må springa framfor vogna hans.
12 Han set dei til hovdingar over fylkingar på tusen og på femti, til å pløya åkrane og hausta inn avlinga hans og til å laga krigsvåpen og utstyr til stridsvognene hans.
13 Døtrene dykkar set han til å laga salvar og til å koka og baka.
14 Dei beste jordene, vingardane og olivenhagane dykkar tek han og gjev mennene sine.
15 Av åkrane og vingardane dykkar tek han tiend og gjev hoffmennene og tenarane sine.
16 Trælane og trælkvinnene dykkar, den beste ungdomen og esla dykkar tek han og brukar i si eiga teneste.
17 Av småfeet dykkar tek han tiend, og sjølve må de træla for han.