13 Døtrene dykkar set han til å laga salvar og til å koka og baka.
14 Dei beste jordene, vingardane og olivenhagane dykkar tek han og gjev mennene sine.
15 Av åkrane og vingardane dykkar tek han tiend og gjev hoffmennene og tenarane sine.
16 Trælane og trælkvinnene dykkar, den beste ungdomen og esla dykkar tek han og brukar i si eiga teneste.
17 Av småfeet dykkar tek han tiend, og sjølve må de træla for han.
18 Då skal de ein dag ropa til Herren på grunn av kongen som de har valt dykk. Men Herren skal ikkje svara dykk den dagen.»
19 Men folket ville ikkje høyra på Samuel. «Nei,» sa dei, «vi vil ha ein konge over oss.