4 Då samla dei seg, alle dei eldste i Israel, og kom til Samuel i Rama
5 og sa til han: «No er du gamal, og sønene dine fylgjer ikkje i dine fotefar. Set difor ein konge over oss til å styra oss! Det har då alle dei andre folka.»
6 Samuel tykte det var ille at dei sa: «Set ein konge over oss, som kan styra oss!» Og han bad til Herren.
7 Men Herren sa til han: «Lyd folket og gjer alt det dei bed deg om! For det er ikkje deg dei har vraka; det er meg dei har vraka og ikkje vil ha til konge over seg.
8 Det har dei alltid gjort frå den dagen eg førte dei opp frå Egypt, og til denne dag. Dei har gått bort frå meg og dyrka andre gudar. Og såleis fer dei åt mot deg òg.
9 Gjer no som dei vil! Men fyrst må du åtvara dei alvorleg og la dei få vita kva rett han kjem til å få, den kongen som skal rå over dei!»
10 Då tala Samuel til folket som kravde ein konge av han, og la fram for dei alt det Herren hadde sagt.