1 Kisj heitte ein mann av Benjamins-ætta. Han var son til Abiel, son til Seror, son til Bekorat, son til Afiak, som var frå Benjamin. Kisj var ein velhalden mann.
2 Han hadde ein son som heitte Saul, ein ung og fager mann. Det fanst ingen i Israel som var fagrare enn han, og han var eit hovud høgare enn alt folket.
3 Ein gong kom det bort nokre eselhopper for Kisj, far til Saul. Då sa han til son sin: «Ta med deg ein av tenestgutane, og gå av stad og leita etter eselhoppene!»
4 Dei fór over Efraims-heiane og gjennom Sjalisja-bygda, men fann dei ikkje. Så fór dei gjennom Sja’alim-bygda, men esla var ikkje der heller. Sidan fór dei gjennom Benjamins-landet, men fann dei ikkje.
5 Då dei kom til Suf-bygda, sa Saul til tenestguten som var med han: «Kom, lat oss fara heim att, elles kunne far verta meir illhuga for oss enn for esla.»
6 Men tenestguten svara: «I byen her bur det ein gudsmann som det går gjetord av. Alt det han seier, slår til. Lat oss gå dit! Han kan visst seia oss vegen vi skal gå.»