1 Dette er dei orda som Moses tala til heile Israel i øydemarka austanfor Jordan, på Araba-sletta midt for Suf, mellom Paran og Tofel, Laban, Haserot og Di-Sahab,
2 elleve dagsreiser frå Horeb etter den vegen som fører over Se’ir-fjella til Kadesj-Barnea.
3 Det var i det førtiande året, den fyrste dagen i den ellevte månaden, han tala til israelittane og kunngjorde alt det som Herren hadde sagt at han skulle tala til dei.
4 Då hadde han vunne over amorittkongen Sihon, som budde i Hesjbon, og Basan-kongen Og, som budde i Asjtarot og Edre’i.
5 Austanfor Jordan, i Moab, var det Moses tok til å leggja ut denne lova. Han sa:
6 Herren vår Gud tala såleis til oss ved Horeb: «Lenge nok har de halde dykk ved dette fjellet.