5. Mosebok 18 N78NN

Det prestane har rett til

1 Ingen av levittprestane, ingen som høyrer Levi-ætta til, skal ha arv og del saman med dei andre israelittane. Dei skal leva av Herrens eldoffer og av det som elles høyrer han til.

2 Men nokon arv saman med brørne sine skal dei ikkje ha. Herren er deira arv, som han har lova dei.

3 Dette skal prestane ha rett til hjå folket: Dei som ber fram slaktoffer, anten det er okse eller sau, skal gje presten bogen, kjevane og vomma.

4 Fyrstegrøda av kornet ditt og vinen din og oljen din og den fyrste ulla av sauene dine skal du òg gje han.

5 For han og sønene hans har Herren din Gud valt ut mellom ættene dine, så dei skal stå og gjera teneste i Herrens namn i alle tider.

6 Når ein levitt fer bort frå ein av dei byane i Israel som han har halde til i, kan han, om han har hug, koma til den staden Herren vel seg ut.

7 Der kan han gjera teneste i namnet åt Herren sin Gud liksom dei andre levittane, brørne hans, som står for Herrens åsyn.

8 Dei skal få like stor del å leva av, forutan det kvar får om han sel fedrearven sin.

Falske og sanne profetord

9 Når du kjem til det landet Herren din Gud gjev deg, skal du ikkje ta etter all den styggedomen som folka der fer med.

10 Hjå deg må det ikkje finnast nokon som lèt son sin eller dotter si gå gjennom elden, ingen som tek varsel, ingen teikntydar, spåmann eller trollmann.

11 Ingen må driva med svartekunster, spørja gjengangarar og spådomsånder eller be om råd hjå dei døde.

12 For Herren styggjest ved alle som gjer slikt, og det er fordi folka har fare med slik styggedom at Herren din Gud driv dei ut for deg.

13 Heilhjarta skal du vera mot Herren din Gud.

14 Desse folka som du skal driva ut, høyrer på teikntydarar og spåmenn. Men deg har Herren din Gud ikkje gjeve lov til slikt.

15 Av ditt eige folk, av landsmennene dine, skal Herren din Gud reisa opp ein profet som meg mellom dykk. Han skal de høyra på.

16 Det var dette du bad Herren din Gud om ved Horeb, den dagen de var samla der, då du sa: «Eg kan ikkje lenger høyra på røysta åt Herren min Gud, og denne store elden kan eg ikkje lenger sjå på; for då må eg døy.»

17 Då sa Herren til meg: Det er rett det dei seier.

18 Av landsmennene deira vil eg reisa opp ein profet som deg mellom dei. Eg vil leggja orda mine i munnen hans, og han skal tala til dei alt det eg byd han.

19 Den som ikkje høyrer på dei ord han talar i mitt namn, han vil eg krevja til rekneskap.

20 Men vågar ein profet å tala noko i mitt namn som eg ikkje har sagt han, eller talar han i namnet åt andre gudar, då skal den profeten døy.

21 Og om du tenkjer med deg: «Korleis kan vi vita om eit ord kjem frå Herren?» – då skal du hugsa:

22 Når ein profet talar i Herrens namn, og det han seier, ikkje hender og ikkje vert oppfylt, då er det ordet ikkje frå Herren. Det er profeten sjølv som har vore vørdlaus nok til å tala, og då treng du ikkje vera redd han.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34