1 Alle dei boda eg gjev deg i dag, skal de leggja vinn på å halda. Då skal de få leva og aukast og koma inn i det landet som Herren svor at han ville gje fedrane dykkar, og ta det i eige.
2 Kom i hug korleis Herren din Gud førte deg heile vegen desse førti åra i øydemarka, fordi han ville audmykja deg og prøva deg og sjå kva som budde i hjarta ditt, om du ville halda boda hans eller ikkje.
3 Han audmykte deg og lét deg svelta. Så gav han deg manna, ein mat som korkje du eller fedrane dine kjende til. Han ville syna deg at mennesket ikkje lever berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Herrens munn.
4 Kleda dine vart ikkje utslitne, og føtene dine hovna ikkje i desse førti åra.
5 Så må du då skjøna at Herren din Gud vil oppseda deg liksom ein mann oppsedar son sin.
6 Hald boda åt Herren din Gud! Gå på hans vegar, og ha age for han!
7 Sanneleg, Herren din Gud fører deg inn i eit godt land, eit land med rennande bekker, med kjelder og vassårer som kjem fram i dalane og på fjella,
8 eit land med kveite og bygg, med vintre, fikentre og granataplar, eit land med oliventre og honning.
9 Der skal du ikkje leva i armod og ikkje vanta noko. Der er det jern i steinane, og der kan du bryta ut kopar or fjellet.
10 Når du så får eta deg mett, skal du prisa Herren din Gud for det gode landet han har gjeve deg.
11 Ta deg i vare så du ikkje gløymer Herren din Gud og lèt vera å halda lovene, boda og føresegnene hans, som eg gjev deg i dag.
12 Når du kan eta deg mett, når du byggjer deg fine hus og får bu i dei,
13 når storfeet og småfeet ditt aukar, når du får mykje gull og sølv og all din eigedom veks,
14 ta deg då i vare så du ikkje vert hovmodig og gløymer Herren din Gud, som førte deg ut or Egypt, or trælehuset.
15 Han førte deg gjennom den store, uhyggjelege øydemarka, mellom eiterormar og skorpionar, gjennom eit turt og vasslaust land. Og or harde fjellet lét han vatn strøyma fram åt deg.
16 Han gav deg manna i øydemarka, ein mat som fedrane dine aldri hadde høyrt gjete. Alt dette gjorde han av di han ville audmykja deg og prøva deg og så gjera vel imot deg til sist.
17 Difor skal du ikkje tenkja med deg sjølv at det er di eiga kraft og di sterke hand som har vunne deg denne rikdomen.
18 Nei, kom i hug at det er Herren din Gud som gjev deg kraft til å vinna rikdom. Såleis vil han stå ved den pakta som han gjorde med fedrane dine og stadfeste med eid, som han gjer det i dag.
19 Men gløymer du Herren din Gud og held deg til andre gudar, dyrkar dei og bøyer deg og tilbed dei, då er det ute med dykk, det seier eg dykk for visst.
20 Liksom dei folkeslaga som Herren gjer ende på for dykk, såleis skal de òg gå til grunne, fordi de ikkje ville lyda Herren dykkar Gud.