5 Austanfor Jordan, i Moab, var det Moses tok til å leggja ut denne lova. Han sa:
6 Herren vår Gud tala såleis til oss ved Horeb: «Lenge nok har de halde dykk ved dette fjellet.
7 Ta no ut og far til fjell-landet åt amorittane og til grannefolka deira i Jordan-dalen, i fjellbygdene og i Sjefela, i Negev og utmed havet, til Kanaan-landet og til Libanon, heilt bort til Storelva, Eufrat.
8 Sjå, eg har lagt landet ope for dykk. Far av stad og ta det landet som Herren svor at han ville gje fedrane dykkar, Abraham, Isak og Jakob, og etterkomarane deira.»
9 Den gongen sa eg til dykk: «Eg kan ikkje greia strevet med dykk åleine.
10 Herren dykkar Gud har late dykk auka i tal, så de i dag er mange som stjernene på himmelen.
11 Gjev Herren, dykkar fedrars Gud, må gjera dykk tusen gonger så talrike som de no er, og velsigna dykk, som han har lova.