1 Sjuande kvart år skal vera eit ettergjevingsår.
2 Såleis skal du gå fram når du ettergjev gjeld: Kvar den som har noko til gode hjå ein landsmann, skal ettergje det. Han må ikkje krevja det att hjå frende eller landsmann, når det er utlyst ettergjeving frå Herren.
3 Utlendingen kan du krevja. Men det du har til gode hjå landsmannen din, skal du ettergje.
4 Med retten skulle det ikkje finnast fattige hjå deg; for Herren din Gud vil velsigna deg rikt i det landet han gjev deg til odel og eige,