4 I sju dagar må det ikkje finnast surdeig innan grensene dine. Og av det du slaktar om kvelden den fyrste dagen, må ingen ting liggja natta over, til morgons.
5 Du må ikkje slakta påskeofferet heime, i nokon av dei byane Herren din Gud gjev deg,
6 men berre på den staden Herren din Gud vel ut til bustad åt namnet sitt. Der skal du slakta påskeofferet, om kvelden, når sola glader, på same tid som då du tok ut frå Egypt.
7 Du skal koka og eta det på den staden Herren din Gud vel seg ut. Og om morgonen kan du fara heim att til telta dine.
8 Seks dagar skal du eta usyrt brød. Men den sjuande dagen skal det vera høgtidssamling for Herren din Gud. Då må du ikkje gjera noko arbeid.
9 Så skal du telja sju veker fram. Frå den dagen du lèt sigden gå i kornet, skal du rekna dei sju vekene.
10 Då skal du halda sjuvekehelga for Herren din Gud og bera fram dei friviljuge gåvene dine, alt etter som Herren din Gud velsignar deg.