7 Du skal koka og eta det på den staden Herren din Gud vel seg ut. Og om morgonen kan du fara heim att til telta dine.
8 Seks dagar skal du eta usyrt brød. Men den sjuande dagen skal det vera høgtidssamling for Herren din Gud. Då må du ikkje gjera noko arbeid.
9 Så skal du telja sju veker fram. Frå den dagen du lèt sigden gå i kornet, skal du rekna dei sju vekene.
10 Då skal du halda sjuvekehelga for Herren din Gud og bera fram dei friviljuge gåvene dine, alt etter som Herren din Gud velsignar deg.
11 Og du skal gleda deg for Herren din Guds åsyn på den staden Herren din Gud vel ut til bustad åt namnet sitt, både du og son din og dotter di, trælen din og trælkvinna di, levittane som bur i byane dine, og innflyttaren, den farlause og enkja som er hjå deg.
12 Kom i hug at du sjølv var træl i Egypt, og legg vinn på å leva etter desse føresegnene.
13 Når du har samla inn frå treskjevoll og vinpresse, skal du halda lauvhyttehelga i sju dagar.