7 Vitna skal vera dei fyrste som lyfter handa for å drepa, og sidan skal heile folket gjera det same. Såleis skal du rydja ut det vonde hjå deg.
8 Når ei sak er så vanskeleg at du ikkje kan døma i henne, anten det gjeld drap eller tvistemål eller lekamsskade eller andre ting som det er strid om i byane dine, skal du ta ut og fara opp til den staden Herren din Gud vel seg ut.
9 Der skal du gå til levittprestane og til han som er domar på den tida, og spørja dei til råds. Dei skal fortelja deg kva dom som skal fellast.
10 Og du skal retta deg etter det dei seier på den staden Herren vel seg ut. I eitt og alt skal du gjera som dei lærer deg.
11 Den rettleiinga dei gjev deg, og den domen dei seier deg, skal du halda deg etter. Du må ikkje vika av frå det dei seier, korkje til høgre eller venstre.
12 Den mannen som er så vørdlaus at han ikkje høyrer på presten som står og gjer teneste for Herren din Gud, eller på domaren, han skal lata livet. Såleis skal du rydja det vonde ut or Israel.
13 Heile folket skal høyra om det og reddast, så dei aldri meir vågar å gjera noko så vørdlaust.