1 Når nokon finn ein mann som ligg drepen på marka i det landet Herren din Gud lèt deg få i eige, og ingen veit kven som har slege han i hel,
2 skal dei eldste og domarane dine gå ut og mæla kor langt det er frå den drepne til dei byane som ligg der ikring.
3 Og dei eldste i den byen som ligg nærast den drepne, skal ta ei kvige som ikkje har vore brukt til arbeid og aldri har hatt åk på seg,
4 og leia henne ned i ein dal der det alltid renn vatn, og der det korkje vert pløgt eller sått. Der i dalen skal dei bryta nakken på kviga.
5 Så skal prestane, Levi-sønene, stiga fram. For dei har Herren din Gud valt ut til å tena han og velsigna i hans namn, og etter deira ord skal kvar sak som gjeld tvistemål eller lekamsskade, avgjerast.