9 Såleis skal du reinsa bort det skuldlause blodet, når du gjer det som rett er i Herrens augo.
10 Når du dreg i krig mot fiendane dine, og Herren din Gud gjev dei i dine hender, så du tek fangar,
11 og du mellom fangane får sjå ei fager kvinne som du vert glad i og vil ha til kone,
12 skal du leia henne inn i huset ditt. Ho skal klyppa håret og skjera neglene
13 og ta av seg dei kleda ho gjekk i då ho vart teken til fange. Så skal ho vera i huset ditt og syrgja over far sin og mor si ein heil månad. Sidan kan du gå inn til henne og gifta deg med henne, så ho vert kona di.
14 Men syner det seg så at du ikkje likar henne lenger, skal du la henne gå kvar ho vil. Du må ikkje selja henne for pengar og ikkje fara stygt med henne, sidan du har fått din vilje med henne.
15 Det kan henda at ein mann har to koner, ei som han elskar, og ei som han ikkje bryr seg om, og at han får søner med begge to, men den eldste er son til den han ikkje held av.