10 No kjem eg med fyrstegrøda av det eg har avla på den jord du gav meg, Herre.» Så skal du leggja det ned framfor Herren din Gud, og du skal bøya deg og tilbe han.
11 Og du skal gleda deg over alt det gode som Herren din Gud har gjeve deg og huset ditt, både du og levittane og innflyttarane som bur hjå deg.
12 Når du tredje kvart år, i tiendeåret, gjev tiend av alt det du har avla, skal du gje det til levittane, innflyttarane, dei farlause og enkjene, så dei kan eta seg mette i byane dine.
13 Når du det har gjort, skal du stiga fram for Herren din Gud og seia: «No har eg bore det heilage ut or huset og gjeve det til levittane, innflyttarane, dei farlause og enkjene, heilt og fullt som du har sagt meg. Eg har ikkje brote eller gløymt noko av boda dine.
14 Eg har ikkje ete av tienda medan eg hadde sorg; eg har ikkje bore bort noko av henne medan eg var urein, og ikkje gjeve noko til dei døde. Eg har vore lydig mot Herren min Gud og gjort alt det du har sagt meg.
15 Sjå no ned frå din heilage bustad, frå himmelen, og velsigna Israel, folket ditt, og det landet du har gjeve oss, så som du med eid lova fedrane våre, eit land som fløymer med mjølk og honning.»
16 Denne dagen byd Herren din Gud deg å halda desse føresegnene og boda. Så legg då vinn på å leva etter dei av heile ditt hjarta og heile din hug!