21 Herren skal ikkje la pesten sleppa taket på deg før han har rudt deg ut or det landet du no går inn i og legg under deg.
22 Med tæring og verk skal han slå deg, med kulsing og feber, med turk og kornbrann og rust. Dette skal forfylgja deg heilt til du går til grunne.
23 Himmelen oppover deg skal vera som bronse og jorda under deg som jern.
24 Regnet som kjem over landet ditt, skal Herren gjera til støv og mold. Det skal falla ned på deg frå himmelen, til du vert utrudd.
25 Herren skal syta for at fiendane dine vinn over deg. Dreg du ut mot dei på éin veg, skal du røma for dei på sju vegar. Du skal verta eit skræmsel for alle rike på jorda.
26 Lika av dykk skal verta til føde for fuglane under himmelen og for dyra på marka, og ingen skal skræma dei.
27 Herren skal slå deg med svullar som i Egypt, med verk og skabb og skurv som ikkje kan lækjast.