26 Lika av dykk skal verta til føde for fuglane under himmelen og for dyra på marka, og ingen skal skræma dei.
27 Herren skal slå deg med svullar som i Egypt, med verk og skabb og skurv som ikkje kan lækjast.
28 Han skal slå deg med vitløyse, blindskap og vilske.
29 Midt på dagen lyt du trivla deg fram som den blinde trivlar i mørkret.Du skal ikkje ha lukke med deg der du ferdast, men dag etter dag skal du trælkast og plyndrast, og det finst ingen som hjelper deg.
30 Om du trulovar deg med ei kvinne, skal ein annan mann ta og krenkja henne. Byggjer du deg hus, får du ikkje bu i det, og plantar du ein vingard, får du ikkje ta han i bruk.
31 Oksen din skal slaktast medan du ser på, men du får ikkje eta av han. Eselet ditt skal røvast beint for augo dine og kjem aldri tilbake til deg. Småfeet ditt skal fiendane få, og ingen kjem deg til hjelp.
32 Sønene og døtrene dine skal gjevast til eit framandt folk, medan du ser på. Heile dagen skal du stira etter dei med lengsle, men handa di er maktlaus.