32 Sønene og døtrene dine skal gjevast til eit framandt folk, medan du ser på. Heile dagen skal du stira etter dei med lengsle, men handa di er maktlaus.
33 Eit folk du ikkje kjenner, skal eta opp det du har avla på jorda di, og det du har vunne med alt ditt strev. Dag etter dag skal du trælkast og trakkast ned.
34 Du kjem til å missa vitet av det synet du får sjå.
35 Herren skal slå deg på kne og på lår med vonde svullar som ikkje kan lækjast; dei skal breia seg frå hovud til hæl.
36 Både deg og den kongen du set over deg, skal Herren føra bort til eit folk som korkje du eller fedrane dine har kjent, og der skal du dyrka andre gudar, gudar av stokk og stein.
37 Der skal du verta eit skræmsel, eit ordtak og eit spottord mellom alle dei folk som Herren fører deg bort til.
38 Mykje korn skal du så i åkeren, men lite skal du hausta inn; for grashoppene et det opp.