46 Dei skal vera teikn og under for deg og etterkomarane dine til alle tider.
47 Du tente ikkje Herren din Gud med glede og av hjartans lyst då du hadde rikeleg av alt.
48 Difor skal du, svolten, tyrst og kledelaus, ja snau for alt, træla under dei fiendane Herren sender imot deg. Han skal leggja eit jernåk på nakken din, heilt til han har rudt deg ut.
49 Herren vil senda mot deg eit folk langt bortanfrå, frå verdsens ende. Dei kjem flygande som ørnar, og du skjønar ikkje språket deira.
50 Det er eit folk med harde andlet; dei tek ikkje omsyn til dei gamle og er ikkje milde mot dei unge.
51 Dei et opp det du får av buskapen, og det du dyrkar på jorda, til det er ute med deg. Dei leiver korkje korn, vin eller olje, korkje ungdyra i storfeet ditt eller det som kjem til mellom småfeet ditt, før dei har gjort ende på deg.
52 Dei kringset deg i alle byane dine, til dess dei høge festningsmurane som du set di lit til, styrtar ned. Og når dei kringset deg i alle byane i heile det landet som Herren din Gud gjev deg,