50 Det er eit folk med harde andlet; dei tek ikkje omsyn til dei gamle og er ikkje milde mot dei unge.
51 Dei et opp det du får av buskapen, og det du dyrkar på jorda, til det er ute med deg. Dei leiver korkje korn, vin eller olje, korkje ungdyra i storfeet ditt eller det som kjem til mellom småfeet ditt, før dei har gjort ende på deg.
52 Dei kringset deg i alle byane dine, til dess dei høge festningsmurane som du set di lit til, styrtar ned. Og når dei kringset deg i alle byane i heile det landet som Herren din Gud gjev deg,
53 då skal du eta dine eigne born, kjøtet av sønene og døtrene dine, som Herren din Gud gjev deg; så stor ei trengsle og hard ei naud kjem fienden til å føra over deg.
54 Jamvel den finaste og mest bortskjemde mannen hjå dykk vil då sjå skeivt til bror sin og kona si som han tek i famn, og til dei borna han enno har att.
55 Han unner ingen av dei ein kjøtbit av borna som han et, fordi han ikkje har anna att i den trengsle og naud som fienden fører over deg i alle byane dine.
56 Jamvel den finaste og mest bortskjemde kvinna, som aldri har prøvt å setja foten på jorda, så fin og bortskjemd som ho var, vil sjå skeivt til mannen sin som ho tek i famn, og til son sin og dotter si.