56 Jamvel den finaste og mest bortskjemde kvinna, som aldri har prøvt å setja foten på jorda, så fin og bortskjemd som ho var, vil sjå skeivt til mannen sin som ho tek i famn, og til son sin og dotter si.
57 Ho vil ikkje dela med dei etterferda som kjem ut or henne, eller borna ho har født. Og snøydd for alt et ho dei i løynd, i den trengsle og naud som fienden fører over deg i byane dine.
58 Dersom du ikkje legg vinn på å leva etter alle dei lovbod som er skrivne i denne boka, og ikkje ottast dette herlege og agelege namnet, Herren din Gud,
59 då skal Herren senda uhøyrde plager over deg og ætta di, store plager og stygge sjukdomar som ikkje tek ende.
60 Atter skal han senda over deg alle dei farsottene som du kjenner frå Egypt, og som du gruar for, og dei skal ikkje sleppa taket i deg.
61 Og alle andre sjukdomar og plager som ikkje er nemnde i denne lovboka, skal Herren senda over deg, til dess du vert utrudd.
62 De som før var mange som stjernene på himmelen, skal verta til ein liten flokk, fordi du ikkje lydde Herren din Gud.