65 Mellom desse folka skal du aldri få ro og aldri finna kvile for foten din. Der skal Herren gje deg eit skjelvande hjarta, eit sviktande syn og ei motlaus sjel.
66 Livet ditt skal hanga i ein tynn tråd. Dag og natt skal du leva i redsle og aldri vera trygg for livet ditt.
67 Om morgonen skal du seia: «Gjev det var kveld!» og om kvelden: «Gjev det var morgon!» Slik redsle skal du kjenna i hjarta ditt, og så fælt er det du får sjå.
68 Herren skal senda deg attende til Egypt på skip, den vegen eg sa at du aldri meir skulle sjå. Der skal de freista å selja dykk sjølve til trælar og trælkvinner til fiendane, men det finst ingen som vil kjøpa.