7 Når fiendane dine reiser seg mot deg, skal Herren syta for at du vinn over dei. Dreg dei ut mot deg på éin veg, skal dei røma for deg på sju vegar.
8 Herren skal by velsigninga si vera med deg i matbua di og i alt du tek deg føre. Herren din Gud skal velsigna deg i det landet han gjev deg.
9 Herren vil gjera deg til eit heilagt folk for seg, som han med eid har lova deg, så sant du held boda åt Herren din Gud og ferdast på hans vegar.
10 Alle folk på jorda skal sjå at Herrens namn er nemnt over deg, og dei skal få age for deg.
11 Rikeleg skal Herren gje deg av alt det som godt er, av born og buskap og grøde på marka, i det landet Herren med eid lova fedrane dine å gje deg.
12 Han skal opna for deg sitt rike forrådskammer, himmelen, og la landet få regn i rette tid og velsigna alt det du gjer og tek deg føre. Du skal låna ut til mange folkeslag, men sjølv treng du ikkje låna.
13 Herren skal gjera deg til hovud og ikkje til hale. Alltid skal du ha framgang, aldri tilbakegang, så sant du lyder boda åt Herren din Gud, som eg gjev deg i dag, og legg vinn på å leva etter dei.