19 Ingen må, når han høyrer boda i dette eids-sambandet, prisa seg lukkeleg og seia: «Meg går det nok godt om eg fylgjer mitt harde hjarta.» Då øyder han både det vassrike og det turre landet.
20 Herren vil aldri tilgje ein slik mann, men Herrens vreide og brennhug skal loga opp mot han. Alle dei forbanningar som er nemnde i denne boka, skal koma over han, og Herren skal stryka ut namnet hans under himmelen.
21 Herren skal skilja han ut frå alle Israels ætter, og det skal gå han så ille som sagt er i alle dei forbanningar som høyrer pakta til og er skrivne i denne lovboka.
22 Og når komande ætter, borna som veks opp etter dykk, og dei framande som kjem frå land langt borte, ser dei plager som har råma dette landet, og dei sjukdomar Herren har sendt over det,
23 – med svovel og salt er heile landet avsvide, så ein ikkje kan så og få det til å gro, og ikkje eit strå kan veksa der, ei øydelegging som då Herren i sin vreide og harme gjorde ende på Sodoma og Gomorra, Adma og Sebojim –
24 då skal både dei sjølve og dei andre folkeslaga spørja: «Kvifor har Herren fare såleis åt med dette landet? Kvifor logar vreiden hans så veldig?»
25 Og dei skal få til svar: Det var fordi dei braut den pakta som Herren, deira fedrars Gud, gjorde med dei då han førte dei ut or Egypt.