3 Med eigne augo såg du dei svære plagene, dei store teikna og undera.
4 Men til denne dag har Herren ikkje gjeve dykk ein hug som skjønar, augo som ser, og øyro som høyrer.
5 Han førte dykk i øydemarka i førti år. Kleda dykkar vart ikkje utslitne, og skorne gjekk de ikkje ut, så dei datt av føtene.
6 De åt ikkje brød og drakk ikkje vin eller sterk drikk; for han ville de skulle skjøna at han er Herren dykkar Gud.
7 Då de kom til denne staden, fór Sihon, kongen i Hesjbon, og Og, kongen i Basan, ut til strid mot oss, men vi vann over dei.
8 Vi tok landet deira og lét Rubens- og Gads-ætta og halve Manasse-ætta få det til odel og eige.
9 Så akta då på orda i denne pakta og lev etter dei! Då skal de ha lukke med dykk i alt de gjer.