2 og du så vender om til Herren din Gud av heile ditt hjarta og heile din hug og lyder han i alt det eg byd deg i dag, både du og borna dine,
3 då skal Herren din Gud venda lagnaden din og vera miskunnsam mot deg. Atter skal han samla deg frå alle dei folk han har spreitt deg imellom.
4 Om du så er bortdriven til verdsens ende, skal Herren din Gud samla deg og henta deg der.
5 Herren din Gud skal føra deg heim til det landet fedrane dine tok i eige, og du skal vinna det att. Og han skal gjera vel imot deg og gjera deg endå talrikare enn fedrane dine.
6 Då skal Herren din Gud omskjera hjarta ditt og hjarto åt etterkomarane dine, så du elskar Herren din Gud av heile ditt hjarta og heile din hug, og du skal få leva.
7 Men alle desse forbanningane skal Herren din Gud venda mot fiendane dine og mot dei som hatar og forfylgjer deg.
8 Då skal du atter vera lydig mot Herren og halda alle boda hans, som eg gjev deg i dag.