7 Så kalla Moses til seg Josva og sa til han medan alle israelittane høyrde på: Ver djerv og sterk! For du skal føra dette folket inn i det landet Herren med eid lova å gje fedrane deira, og skifta det mellom dei.
8 Herren sjølv skal gå føre deg. Han skal vera med deg. Han skal ikkje sleppa deg og ikkje gå frå deg. Ver ikkje redd, og miss ikkje motet!
9 Så skreiv Moses opp denne lova og gav henne til prestane, Levi-sønene, som bar Herrens paktkiste, og til alle dei eldste i Israel.
10 Og han sa til dei: Kvart sjuande år, i ettergjevingsåret, når de held lauvhyttehelg,
11 og heile Israel kjem og stig fram for Herren din Gud på den staden han vel seg ut, då skal denne lova lesast opp for heile Israel.
12 Kall folket saman, menn, kvinner og born, og innflyttarane som bur i byane dine. Lat dei få høyra lova, så dei kan læra å ottast Herren dykkar Gud og leggja vinn på å leva etter alle boda i denne lova.
13 Og borna deira, som enno ikkje kjenner lova, skal høyra henne, så dei kan læra å ottast Herren dykkar Gud så lenge de lever i det landet de skal leggja under dykk når de går over Jordan.