14 Han gav han rjome ¬frå buskapen,mjølk av småfe og feitt av lam,av Basan-verar og bukkar,og den feitaste mergen ¬av kveiten.Drueblod drakk du, ¬skummande vin.
15 Jesjurun vart feit ¬og spente bakut;du vart feit og tjukk og stinn.Han vraka Gud ¬som hadde skapt han,og viste vanvørdnad ¬for sitt frelsande berg.
16 Dei eggja han ¬med framande gudarog harma han med styggedom.
17 Dei ofra til ånder ¬som ikkje er gudar,til guddomar dei ikkje kjende,nye og nyst oppkomne,gudar som fedrane ¬ikkje visste om.
18 Berget, ditt opphav, ¬ansa du ikkje,du gløymde Gud ¬som fødde deg.
19 Då Herren såg det, ¬støytte han dei bort,for hans søner og døtrer ¬hadde krenkt han.
20 Han sa: ¬Eg vil løyna mitt åsyn for deiog sjå korleis det går dei til sist;for dei er ei rangsnudd ætt,born som ein aldri kan lita på.