16 Dei eggja han ¬med framande gudarog harma han med styggedom.
17 Dei ofra til ånder ¬som ikkje er gudar,til guddomar dei ikkje kjende,nye og nyst oppkomne,gudar som fedrane ¬ikkje visste om.
18 Berget, ditt opphav, ¬ansa du ikkje,du gløymde Gud ¬som fødde deg.
19 Då Herren såg det, ¬støytte han dei bort,for hans søner og døtrer ¬hadde krenkt han.
20 Han sa: ¬Eg vil løyna mitt åsyn for deiog sjå korleis det går dei til sist;for dei er ei rangsnudd ætt,born som ein aldri kan lita på.
21 Dei eggja meg ¬med sine avgudar,med gagnlause gudar ¬harma dei meg.Så vil eg eggja dei med eit ufolk,krenkja dei med eit uvitug folk.
22 For i min vreide ¬har eg kveikt ein eld,han brenn til djupaste dødsriket.Han øyder jorda ¬og hennar grødeog set grunnvollen ¬under fjella i brann.