19 Då Herren såg det, ¬støytte han dei bort,for hans søner og døtrer ¬hadde krenkt han.
20 Han sa: ¬Eg vil løyna mitt åsyn for deiog sjå korleis det går dei til sist;for dei er ei rangsnudd ætt,born som ein aldri kan lita på.
21 Dei eggja meg ¬med sine avgudar,med gagnlause gudar ¬harma dei meg.Så vil eg eggja dei med eit ufolk,krenkja dei med eit uvitug folk.
22 For i min vreide ¬har eg kveikt ein eld,han brenn til djupaste dødsriket.Han øyder jorda ¬og hennar grødeog set grunnvollen ¬under fjella i brann.
23 Eg hopar opp ulukker over deiog brukar alle mine piler ¬mot dei.
24 Kraftlause vert dei av svolt,dei tærest av pest og farleg sott.Så sender eg mot dei ¬villdyrtennerog eiter av ormar ¬som kryp på jorda.
25 Sverdet skal herja på gata,redsle inne i kammera.Gutar og jenter vert rivne bort,spedbarn og gråhåra mann.