27 Men eg ottast at fiendane ¬skulle krenkja meg,at deira motstandarar ¬ville mistyda det og seia:«Det er vår hand som er sterk;det var ikkje Herren ¬som gjorde dette.»
28 Dei er eit folk ¬utan råd som duger,og dei har inkje skjøn.
29 Var dei vise, fekk dei tak i dette,då visste dei kvar det bar av.
30 Korleis kan ein mann ¬forfylgja tusenog to slå ti tusen på flòg,om ikkje deira berg har selt dei,om ikkje Herren ¬har gjeve dei opp?
31 For deira berg er ikkje som vårt,det kan våre fiendar døma om.
32 Deira vintre er runne ¬av Sodomas vintre,det kjem ¬frå Gomorras vingardar.Druene deira er giftige bærog drueklasane beiske.
33 Vinen deira er ormegift,grufullt ormeeiter.