37 Så spør han: Kvar er no deira gudar,berget dei leit på,
38 som åt feittet av deira slaktofferog drakk vinen ¬dei ofra som drikkoffer?Lat dei reisa seg og hjelpa dykk,lat dei gje dykk livd og vern!
39 Sjå no, berre eg er Gud,det finst ingen annan gud ¬enn eg.Eg tek liv, og eg gjev liv,eg sårar, og eg lækjer;og ingen kan berga or mi hand.
40 Eg lyfter mi hand ¬mot himmelen og seier:Så sant eg lever evig,
41 når eg kvesser ¬mitt lynande sverdog retter ut mi hand til doms,då tek eg hemn ¬over mine fiendar,gjev mine motstandarar ¬det dei fortener.
42 Eg gjer mine piler ¬drukne av blod,blodet av falne og fangar,og lèt mitt sverd eta kjøt,hovud av fiendens hovdingar.
43 Pris hans folk, de folkeslag,for han hemner ¬blodet åt sine tenarar.Han tek hemn over sine fiendarog gjer soning ¬for sitt land og folk.