43 Pris hans folk, de folkeslag,for han hemner ¬blodet åt sine tenarar.Han tek hemn over sine fiendarog gjer soning ¬for sitt land og folk.
44 Moses kom og bar fram heile dette kvadet, han og Josva Nunsson, medan folket høyrde på.
45 Og då Moses var ferdig med å bera fram alle desse orda for heile Israel,
46 sa han: «Legg dykk no på hjarta alle desse orda som eg i dag har tala til åtvaring for dykk. Og sei frå til borna dykkar at dei skal halda alle boda i denne lova og leva etter dei.
47 For dette er ikkje tome ord, men sjølve livet for dykk. Held de dei, skal de få leva lenge i det landet de tek i eige når de går over Jordan.»
48 Same dagen tala Herren til Moses og sa:
49 «Stig opp på Abarim-fjellet, på Nebo-tinden, som ligg i Moab, midt for Jeriko, så skal du få sjå Kanaan, det landet som eg gjev israelittane til eige.