7 Kom framfarne dagar i hug,gjev akt på åra frå ætt til ætt!Spør far din, han fortel deg,dei gamle, dei gjev deg svar.
8 Då Den Høgste ¬gav folkeslaga landog skilde menneska ¬frå kvarandre,sette han grenser mellom folkaetter talet på Israels søner.
9 Herrens del vart hans eige folk,Jakob vart hans arvelut.
10 Herren fann han i øydemarka,i tome audna med ulande lydar.Han verna han og sytte for hanog vakta han ¬som sin augnestein.
11 Som ei ørn sviv ¬over ungane sinenår ho lèt dei flyga frå reiret,så breidde han ut ¬sine vengefjører,tok og bar han på sine venger.
12 Einast Herren førte han,ingen framand gud ¬var med han.
13 Han lét han fara ¬over høgdene i landetog eta av grøda på marka.Han lét han suga honning ¬or bergetog olje or harde fjellet.