13 Om Josef sa han:Gjev Herren må signa hans land ¬med dogg,den gode himmelgåva,og med vatn frå havdjupet ¬som ligg der nede,
14 med den finaste avling ¬som mognast i sol,og det beste som gror ¬medan månen skifter,
15 med det gjævaste ¬frå dei eldgamle fjell,det aller beste ¬frå dei evige høgder,
16 med alt godt som fyller jorda,og med velvilje frå hansom budde i klungeren.Lat dette koma ¬over Josefs hovud,over krona på hansom er hovding ¬mellom sine brør.
17 Staseleg er ¬hans fyrstefødde okse,han har horn som ein villokse;med dei stangar han folkaheilt til verdsens endar.Dette er Efraims store hærar,dette er Manasses sterke hop.
18 Om Sebulon sa han:Gled deg, Sebulon, ¬når du dreg ut,gled deg, Jissakar, i dine telt!
19 Dei bed ættene koma til fjellet;der ber dei fram dei rette offer.Dei syg til seg rikdom frå havetog skattar gøymde i sanden.