17 Staseleg er ¬hans fyrstefødde okse,han har horn som ein villokse;med dei stangar han folkaheilt til verdsens endar.Dette er Efraims store hærar,dette er Manasses sterke hop.
18 Om Sebulon sa han:Gled deg, Sebulon, ¬når du dreg ut,gled deg, Jissakar, i dine telt!
19 Dei bed ættene koma til fjellet;der ber dei fram dei rette offer.Dei syg til seg rikdom frå havetog skattar gøymde i sanden.
20 Om Gad sa han:Lova vere han ¬som lèt Gad få rom!Han legg seg på lur som ei løveog riv sund både arm og hovud.
21 Han såg seg ut den beste delen;der fekk han lut ¬som ein høgvørd førardå hovdingane i folket møttest.Og saman med Israel ¬gjorde handet som er rett for Herren,det han har fastsett.
22 Om Dan sa han:Dan er ein løveungesom spring fram frå Basan.
23 Om Naftali sa han:Naftali er metta ¬med Herrens velviljeog fylt av hans velsigning.Han tek land i vest og sør.