3 Ja, han elskar sitt folk.Alle hans heilage ¬er i hans hand.Dei set seg ned ved dine føterog tek imot av dine ord.
4 Moses gav oss ei lov,ein eigedom for Jakobs lyd.
5 Det stod fram ein konge ¬i Jesjurundå hovdingane i folketkom saman med ættene i Israel.
6 Gjev Ruben må leva ¬og aldri døy ut,gjev hans menn må auka i tal!
7 Dette sa han om Juda:Herre, høyr ropa frå Juda,og før han heim til sitt folk!Med sine hender ¬strider han for det.Ver du hans hjelp mot fiendane!
8 Om Levi sa han:Dine tummim og urimskal vera hjå din trufaste mann,han som du sette på prøve ¬ved Massaog stridde mot ¬ved Meriba-kjelda.
9 Han sa om far sin og mor si:«Eg har aldri sett dei.»Han kjendest ikkje ¬ved sine brørog ville ikkje vita av sine born.For dei tok vare på ditt ordog verna om di pakt.