Daniel 1 N78NN

Daniel og venene hans hjå babylonarkongen

1 I det tredje året Jojakim var konge i Juda, kom Nebukadnesar, kongen i Babylonia, til Jerusalem og kringsette byen.

2 Herren gav Juda-kongen Jojakim i hans hand, og like eins nokre av dei heilage kara i Guds hus. Nebukadnesar tok kara med til Sinear-landet, til huset åt guden sin, og sette dei i skattkammeret der.

3 Kongen sa til Aspenas, øvste hoffmannen sin, at han skulle ta med seg nokre israelittar, både av kongsætt og av adelsætt,

4 unge gutar som var utan lyte og fagre å sjå til, kunnige i alle slag visdom, kunnskapsrike og lærenæme, skikka til å tena i kongsgarden. Dei skulle han gje opplæring i kaldeisk skrift og språk.

5 Kongen fastsette at dei kvar dag skulle få eta av same fine maten som han og drikka same slag vin. I tre år skulle dei få opplæring, og etter den tid skulle dei gjera teneste hjå kongen.

6 Mellom dei var judearane Daniel, Hananja, Misjael og Asarja.

7 Den øvste hoffmannen gav dei nye namn. Daniel kalla han Beltsasar, Hananja Sjadrak, Misjael Mesjak og Asarja Abed-Nego.

8 Men Daniel sette seg føre at han ikkje ville gjera seg urein med maten og vinen frå kongens bord. Han bad den øvste hoffmannen om å sleppa å gjera seg urein.

9 Og Gud laga det så at den øvste hoffmannen fekk velvilje og godhug for Daniel.

10 Men han sa til Daniel: «Eg er redd for at herren min, kongen, som har fastsett kva de skal eta og drikka, skal synast at de ikkje ser så friske ut som dei andre gutane på dykkar alder, og at kongen for dykkar skuld skal dra meg til ansvar.»

11 Då sa Daniel til oppsynsmannen som den øvste hoffmannen hadde sett over Daniel, Hananja, Misjael og Asarja:

12 «Prøv tenarane dine i ti dagar! Gjev oss grønsaker å eta og vatn å drikka!

13 Så kan du sjølv sjå korleis vi ser ut, både vi og dei gutane som et av maten frå kongens bord. Gjer så med tenarane dine etter det du då ser!»

14 Han gjorde som dei ynskte, og prøvde dei i ti dagar.

15 Då dei ti dagane var lidne, viste det seg at dei såg betre ut og var i betre hold enn dei gutane som hadde ete av maten frå kongens bord.

16 Då lét oppsynsmannen dei sleppa den fine maten og vinen og gav dei grønsaker.

17 Gud gav desse fire gutane kunnskap og vit på allslags skrift og visdom. Og Daniel skjøna seg på alle slag syner og draumar.

18 Då den tida kongen hadde fastsett, var ute, og dei skulle førast fram for han, førte den øvste hoffmannen dei fram for Nebukadnesar.

19 Kongen tala med dei, og det fanst ingen mellom dei unge gutane som kunne mæla seg med Daniel, Hananja, Misjael og Asarja. Så fekk dei då gjera teneste hjå kongen.

20 Og støtt når kongen spurde dei til råds i saker som kravde visdom og vit, fann han at dei var ti gonger så vise som alle spåmenn og åndemanarar i riket.

21 Daniel vart verande der til fyrste styringsåret åt kong Kyros.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12